Totalt antall sidevisninger

søndag 30. januar 2011

LAPPETEPPE



Eit av dei få lappeteppa eg har laga som er blitt FERDIG! Eg har aldri laga teppe etter ferdig mønster eller oppskrift. Syns heile spenninga ligg i det eg ikkje veit. Derfor planlegg eg heller ikkje så nøye korleis teppe skal sjå ut. Prinsippet her var å sy saman striper av stoff med blomar på, - helst småblomstrete, og at striper etter kvarandre skulle vera "i slekt",-at minst ein farge skulle gå igjen. Då eg skulle montera stripene saman prøvde eg å fordela dei raude felta og ikkje få like stoffstriper på sida av kvarandre. Det siste klarte eg ikkje heilt....

Mellom stripene har eg ein"fyllt" tittekant. Inni er det flaggsnor....Har ei venninde som hadde ei mor som jobba på flaggfabrikk. Ho hadde teke med seg ein pose med flaggsnor som berre var blitt ei stor vase og eigentleg skulle hivast. Den enda då opp hos meg med begrunnelsen: "Du som samlar på alt, kan sikkert bruka detta til noko".- Javel??? Ja, så fekk eg bruk for flaggsnora då - eg har jo ikkje flaggstang!







3 kommentarer:

Hellohello baby sa...

Du lager så herlige ting med tonnevis av sjarm og personlighet. Elsker at det liksom er litt skeivt her og der mellom radene <3

Shus sa...

Eg ler av ho som har flaggsnor, men ikkje flaggstang!!

No har eg plutseli mange puter her....

KAIA sa...

endeli. ditta har eg venta på :) du e flink:)